Det meiner prosjektgruppa Krafttak Nordvest. Men det er fleire skjer i sjøen knytt til sameksistens, med mellom anna natur og fiskerinæringa.
Krafttak Nordvest har det siste halve året kartlagt og avdekka mulegheitsrommet for etablering av storskala havenergi utanfor Mørekysten.
Konkurransekraft i fare
Det Skaparkraft-finansierte prosjektet består av ei breitt samansett prosjektgruppe med Doxacom, SINTEF, Havkraft, Glocal Green, iKuben, Ocean Network og Salt Lofoten.
– Utan eit krafttak for å auke produksjon av ny fornybar energi i vår region, står konkurransekrafta for våre leiande industrinæringar i fare for å bli svekka. Dette kan igjen føre til tap av verdiskaping og arbeidsplassar langs kysten.
Det seier Kristian Vik som har vore prosjektleiar i Krafttak Nordvest på vegne av Doxacom. Nyleg lanserte dei prosjektrapporten som oppsummerer funna frå arbeidet.
Les rapporten i sin heilskap her:
Frå venstre: Erlend Grytli Tveten (forskar SINTEF), Kristian Vik (rådgiver Doxacom og prosjektleiar Krafttak Nordvest), Geir Arne Solheim (daglig leiar Havkraft) og Johanne Kjerstad (rådgiver Doxacom). Ikkje til stades: Tale Skorve (seniorrådgiver Salt Lofoten), Maria Krabbe Ranvik (forretningsutvikler iKuben) og Nils Erik Pettersen (daglig leder ON Ocean Network). Foto: Doxacom
Stort potensiale
Her framgår det at prosjektgruppa har avdekka eit stort teknisk potensiale for utvikling av havenergi utanfor Mørekysten, primært i form av flytande havvind og bølgekraft. Regionen har i tillegg ein sterk leverandørindustri knytt til offshorenæringa som kan ta viktige posisjonar i ei ny verdikjede for havenergi.
– Regionen har gode føresetnader for å møte behova som må dekkast ved utbygging og drift av havenergianlegg utanfor kysten vår. Men tilgang til areal med kai- og hamnefasilitetar, og kvalifisert arbeidskraft, vert rekna som dei største utfordringane som vi bør ta tak i for å vere best muleg posisjonerte, seier Nils Erik Pettersen som har representert ON Ocean Network i prosjektet.
Omsyn til miljøeffektar
Det blir òg peika på ein betydeleg kompleksitet knytt til natur og miljø. I den vidare utviklinga tilrår prosjektgruppa derfor at det blir tatt omfattande omsyn til miljøeffektar og naturmangfald, samt kryssande og til dels motsettande interesser frå andre maritime og marine næringar.
– Det vil vere avgjerande at grundige omsyn til natur, miljø, livet i havet og fiskerinæringa blir tatt frå starten av. Det må settast av tilstrekkelege ressursar til å vurdere biologiske konsekvensar av ny kraftproduserande aktivitet i våre havområde, og fiskerinæringa må tidleg involverast i arbeidet med utgreiing av mulege lokalitetar, skriv dei i rapporten.
– Regionen har gode føresetnader for å møte behova som må dekkjast ved utbygging og drift av havenergianlegg utanfor kysten vår seier Nils Erik Pettersen, Daglig leder i ON Ocean Network. Foto: ON Ocean Network.
Felles front
Vidare tilrår prosjektet at det blir oppretta dialog med energiaktørar med finansiell gjennomføringsevne til å setje i gang storskala prosjekt som kan utnytte det enorme potensialet i havenergi langs Mørekysten.
Erlend Grytli Tveten, forskar og prosjektdeltakar frå SINTEF, oppsummerer funna som følger:
– Det er viktig å stå samla i heile fylket i ein felles front. Store energiforbrukarar, produsentar, klynger og næringsorganisasjonar må samlast om eit felles krav om auka kraftproduksjon i regionen for å oppretthalde posisjonen vår som eit senter for eksportretta industri.
Les rapporten i sin heilskap her:
Kontaktinformasjon
Kristian Vik, prosjektleiar Krafttak Nordvest på vegne av Doxacom AS, telefon 951 83 350.
Erlend Grytli Tveten, Forskar SINTEF, telefon 454 69 658.
Prosjektpartnarane
Om Krafttak Nordvest
Krafttak Nordvest har sidan januar 2023 arbeidd med å kartleggje korleis ein kan oppnå berekraftig og forsvarleg næringsutvikling knytt til havbasert fornybar energi på Nordvestlandet.
Krafttak Nordvest er finansiert i samspel mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune si ordning «Skaparkraft» og prosjektpartnarane.
«Skaparkraft» er Møre og Romsdal Fylkeskommune sitt omstillingsprogram for styrking av næringslivet i regionen. Målet med programmet er å få fart på det grønne skiftet og auke berekraftig eksport frå fylket.
Om prosjektpartnarane
Doxacom AS: Rådgjevingsfirma med hovudkontor i Ålesund som spesialiserer seg på forretningsutvikling og posisjonering av havbasert næring. I prosjektet: Prosjektleiar og ansvar for kartlegging av sameksistensspørsmål fiskeri/energi.
SINTEF Ålesund: Ein del av stiftinga SINTEF lokalisert i Ålesund. Tilbyr forskings- og utviklingstenester som skaper verdi for industri, næringsliv og offentleg forvaltning på Nordvestlandet. I prosjektet: FoU-partnar og ansvarleg for kvalitetssikring av energiberekningar.
Salt Lofoten AS: Kompetansebedrift basert i Lofoten som mellom anna jobbar med marin forvaltning og kartlegging av arealbruk til havs, både nasjonalt og regionalt. I prosjektet: Leverandør av fiskeridata og analyse av potensielle arealkonfliktar.
Havkraft AS: Teknologileverandør basert i Deknepollen i Måløy, som utviklar og leverer kraftverk som nyttar bølgeenergien til å produsere elektrisk kraft på ein naturvenleg og berekraftig måte. I prosjektet: Ansvarleg for å kartlegge energipotensiale for bølgekraft i prosjektområdet.
NCE iKuben: Tverrfagleg industriklynge og nasjonalt kompetansesenter lokalisert i Molde. NCE iKuben arbeider for å styrke klyngebedriftene si konkurransekraft og innovasjonsevne i globale marknader ved å fokusere på digitalisering, berekraft og forretningsmodellar. I prosjektet: Ansvarleg for å etablere arbeidsforum for havvind i prosjektområdet.
ON Ocean Network SA: Nettverk for leverandørar til industriar relatert til olje, gass og havrom i Kristiansundsregionen. I prosjektet: Ansvarleg for å kartlegge tilgang, manglar og utviklingsstrategiar knytt til service- og logistikkfunksjonar for havenergi.
Glocal Green AS: Bedrift som skal produsere bio-e-metanol ved å etablere økonomisk berekraftige varestraumar for restråstoff og vidareforedling av desse til grønt drivstoff. Selskapet held til i Ålesund. I prosjektet: Ansvarleg for eit case-studie på å kartlegge alternative logistikk- og verdikjeder for grønn metanol som «flytande» energiberar, som alternativ til levering av energi gjennom elektriske kraftkablar.