Glocal Green skal vinne klimakappløpet med biometanol

LI.
FB.
IG.
Følg oss

Glocal Green lanserte nyleg ambisiøse planar for å produsere biometanol basert på restråstoffer frå skogen, marin industri og anna biologisk avfall. Biometanol er eit hydrogenbasert drivstoffalternativ som kan implementerast i transportsektoren allereie i dag – både på land og til sjøs.

– Vårt bidrag i klimakappløpet er biometanol – eit hydrogenalternativ som kan fasast inn i dag. Med vår biometanol bidreg vi bl. a. til rask innføring av miljøvennlege energisystem – inkludert grønt hydrogen som drivstoff – og dermed hurtigare nedbremsing av globale klimaendringar, seier Dag Nikolai Ryste, CEO i Glocal Green.

Glocal Green-leiinga på befaring på den planlagte fabrikktomta i Øyer kommune. Her er det lagra store mengder sagflis som er restråstoff frå tømmermottak, og flisa er planlagt nytta i den første biometanolfabrikken. Frå v.: Dag Nikolai Ryste (adm. dir.), Johannes Håskjold (gründer) og Kristian E. Vik (Chief Green Officer). Foto: Glocal Green.

Grøne forgreiningar

Glocal Green vart etablert i 2020, og er ei verksemd med hovudsete i Ålesund, men med forgreiningar mot skogsindustrien på Øyer i Innlandet fylke. Verksemda har ambisjonar om å produsere og selje grøn biometanol til bruk som drivstoff forbrenningsmotorar og brenselceller, og som ingrediens i kjemiske industriprosessar. I første omgang er det som drivstoff til maritim og marin industri som skal prioriterast.

Dag Nikolai Ryste har jobba intenst med utviklinga av Glocal Green dei siste to åra, og Doxacom har vore sentrale i å utvikle selskapet sin forretningsstrategi, nettsider og kommunikasjonsaktivitetar.

Doxacom-teamet har vore involvert fleire deler i prosessen med å utvikle kommunikasjonsprofil og forretningsplaner for Glocal Green. Doxacom kjenner dei havbaserte næringane godt og har bidrege i vurderingar knytt til restråstoff. Her frå då heile kollegiet var på befaring i oktober 2021 i Steigen på ei av forflåtene til Cermaq sine oppdrettsanlegg. Frå v.: Kristian E. Vik, Ronny Nordstrand, Hanne Lien, Jannicke Farstad, Øyvind Olsen, Gerd Alise Steinsbu og Vibeke Hanssen. Foto: Doxacom.

Chief Green Officer

– Vi er stolte av å kunne medverke i å utvikle og presentere eit av dei mest spennande og innovative satsingane innan hydrogenbaserte drivstoffløysingar for maritim sektor, seier fornybarrådgivar i Doxacom Kristian Vik. Han er engasjert som CGO – eller Chief Green Officer – i Glocal Green.

Han forventar at biometanol står framfor eit snarleg gjennombrot, og vil løyse mange av utfordringane knytt til å kommersialisere hydrogen i rein form som drivstoff for skipsnæringa.

Har sete på gjerdet

– Det finst eit stort spenn av skipssegment som i fleire år har sete på gjerdet og venta på den rette hydrogenløysinga, seier Kristian Vik.

Kristian Vik er leigd ut gjennom Management for hire, som Chief Green Officer i Glocal Green. Foto: Glocal Green.

Hydrogen kan nyttast ifrå ulike energiberarar. Anten som reint hydrogen i flytande form (minus 253 grader Celsius), i komprimert form (gass) eller ifrå dei meir hydrogenrike kjemiske stoffa ammoniakk eller metanol.

Han fortel at biometanol kjemisk sett er lik annan metanol, og at det har høgt hydrogeninnhald.

Enklare lagring og fylling

– Biometanol er eit svært attraktivt hydrogen-alternativ i maritim sektor fordi det er eit karbonnøytralt og flytande drivstoff. Metanol er mykje rimelegare – og det er lettare å transportere og lagre enn både ammoniakk og hydrogen i enten flytande form eller gassform. Biometanol kan lagrast og fyllast like enkelt som bensin og diesel, seier Vik.

Han trur at den «tradisjonelle» hydrogennæringa også vil ha interesse av ei felles utvikling mot metanolbruk i maritim sektor.

– Biometanol kan brukast som hydrogenberar i brenselceller. Det kan også nyttast som karbonnøytralt drivstoff i forbrenningsmotorar i eksisterande skipsflåte gjennom mindre modifikasjonar. Dette gjer det svært attraktivt å kome i gang med metanoldrift, seier Kristian.

Opp- og nedstraums mot 2030

Glocal Green har fått støtte ifrå Forskingsrådet for å optimalisere produksjonsteknologien, og går no inn i ei oppkapitaliseringsfase for å kunne gå inn i neste steg mot kommersialisering.

Glocal Green sine planar omfattar både oppstraums-aktivitet med drivstoffproduksjon, og nedstraums-aktivitet med partnarar som skal nytte metanolteknologien i skip.

Biometanol skal produserast ifrå biologiske råstoffkjelder, først ifrå skogsavfall, og etter kvart også frå marine og andre kilder. Det blir også ispedd ein andel elektrolysebasert hydrogen. Den første fabrikken har Glocal Green under planlegging i Øyer kommune, der ein mellom anna skal samle inn restråstoff ifrå skognæringa i Innlandet.

Glocal Green har også signert ein intensjonsavtale med det danske logistikk-konsernet Mærsk. Dei har allereie kontrahert tolv store konteinerskip ifrå det koreanske verftet Hyundai Mipo Dockyard som skal utrustast med motorar som skal gå på klimanøytralt metanol. Og fleire store og verdsomspennande rederi viser no aukande interesse for metanol.

– Dette viser at verda er klar til å ta i bruk energi- og hydrogenberaren biometanol allereie i dag, anten det er som drivstoff for transportformål, eller som ingrediens i kjemisk industri. Biometanol kan bidra til at vi kan nå dei globale måla om vesentlege utsleppsreduksjonar innan 2030, avsluttar Kristian Vik.

Les meir om biometanol og Glocal Green sine spennende forretningsplaner på www.glocalgreen.com

Andre aktuelle nyheter
Ellen Torset i Doxacom. Foto

Doxacom styrker laget med ny rådgiver

Ellen Torset er nyansatt rådgiver i Doxacom. Hun skal blant annet bidra med merkevarebygging, markedsplanlegging og gjennomføring av arrangement på vegne av kundene, og vil

Collage. Foto

Er du klar for Nor-Fishing 2024?

Booking av stander for Nor-Fishing 2024 er i full sving. Alle standene ble revet bort på rekordtid før årets Aqua Nor, så det er lurt