Nye grønne samarbeid i havnæringane kan bane veg for EU-milliardar 

LI.
FB.
IG.
Følg oss

I EUs nye program Horisont Europa skal fleire hundre milliardar kroner nyttast på å skape internasjonale fornybare og sirkulære koplingar.  

I forprosjektet «Grønn energiinfrastruktur i Ålesundsregionen» har Doxacom i samarbeid med regionale aktørar peika ut kommande EU-utlysingar som kan vere interessante for lokale næringar å posisjonere seg for. 

– Prosjektet er med på å gi god oversikt for både eksisterande og nye aktørar i regionen som ønsker å ta del i det grønne skiftet, seier Kristian E. Vik som har vore prosjektleiar for forprosjektet. Kristian Vik er rådgivar for fornybar energi i Doxacom.  

Han har leia ei arbeidsgruppe beståande av Ålesundsregionens Havnevesen, ÅKP (GCE Blue Maritime Cluster), Stranda Hamnevesen, Stranda kommune, Norwegian Hydrogen og Doxacom. Prosjektet, som er støtta og initiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, vart avslutta våren 2021.  

Kartbasert verktøy for å koble aktørar 

– Dette har danna eit kunnskapsgrunnlag som banar veg for den maritime klynga, og viser bredda og moglegheitene på tvers av dei havbaserte næringane, seier Vik.   

Oversikta skal tene som eit verktøy for å rigge regionale- og internasjonale partnarskap der ein ser på samanhengen mellom potensiell grønn energiproduksjon i regionen rundt Ålesund hamn, og mulige konsumentar av fornybare energikjelder tilknytt både maritim transportverksemd og landbasert infrastruktur. 

Ny lavutsleppsstrategi i den maritime klynga 

I sommar lanserte GCE Blue Maritime Cluster sin nye strategi «New Blue Deal», og i løpet av hausten 2021 vil EU lyse ut midlar til ei rekke prosjekt under Horisont Europa-programmet.  

– Med «New Blue Deal» på plass ser vi fram mot å realisere potensialet i å samarbeide mellom dei ulike næringane i fylket. Vi treng koordinering av planar og strategiar på eit overordna nivå, for å få til ei ny heilgrønn løysning – og for å ta del i verdens største forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa, seier Daniel Garden, klyngeleiar i GCE Blue Maritime Cluster.  

– «New Blue Deal» handlar om å skape ei utslippsfri maritim næring. For å posisjonere regionen er kunnskapen ifrå «Grønn energiinfrastruktur i Ålesundsregionen» eit godt utgangspunkt. Det komande Horisont Europa-programmet vil danne eit rammeverk og stimulere til realisering av fossilfrie og nullutslepps verdikjeder, legg han til.  

Regionen må bli med når Europa skal satse 

EU-rådgivar i GCE Blue Maritime, Per Ingeberg ser stort potensiale for næringsklyngene i regionen, gjerne i samarbeid med universitet og forskningsinstitutta.  

– Møre og Romsdal er eit energifylke, og i sektoren for grønn energiproduksjon i regionen her og blant potensielle forbrukarar av fornybare energikjelder, er det eit hav av moglegheiter i det nye rammeprogrammet til Horisont Europa, seier han. 

– Her skal vi sørge for å senke terskelen til å delta i EU-prosjekt for grønn- og sirkulær omstilling, og vi har allereie gode prosesser gåande med fleire aktørar frå næringsklyngene i regionen, avsluttar Per Ingeberg. 

Les sluttrapport og følgedokument her:

Doxacom 2021 – Sluttrapport – Forprosjekt Grønn Energiinfrastruktur i Ålesundsregionen

Doxacom 2021 – Følgedokument – Forprosjekt Grønn Energiinfrastruktur i Ålesundsregionen

 

Kontaktperson: Kristian E. Vik, rådgiver, mob: +47 951 83 350, mail: kristian@doxacom.no

Andre aktuelle nyheter
Ellen Torset i Doxacom. Foto

Doxacom styrker laget med ny rådgiver

Ellen Torset er nyansatt rådgiver i Doxacom. Hun skal blant annet bidra med merkevarebygging, markedsplanlegging og gjennomføring av arrangement på vegne av kundene, og vil

Collage. Foto

Er du klar for Nor-Fishing 2024?

Booking av stander for Nor-Fishing 2024 er i full sving. Alle standene ble revet bort på rekordtid før årets Aqua Nor, så det er lurt